«Da landet stengte ned»:

– Eg leika med tanken på å ikkje eksistere

Tida etter 12. mars 2020 har vore ei berg og dalbane for artisten Lizz. Mye bra har skjedd, men ho har samtidig vore lengre ned i kjellaren mentalt enn nokon gong før.
Kultur

Lizz er artistnamnet til Lisabeth Brekke Sylthe, som er frå Kvamsøya. I juni i fjor vann ho Musikkprisen. Dette beskriv ho som noko av det største som har skjedd henne profesjonelt. Men koronapandemien gjorde likevel at mykje av det som vanlegvis skjer i etterkant av å vinne Musikkprisen, som konsertar og andre oppdrag, blei borte. Koronapandemien har i det heile gjort det siste året til ei berg og dalbane for Lizz. Frå å vere langt oppe då ho vann Musikkprisen, dalte ho langt ned ikkje lenge etterpå. Ei stund var det så ille at Lizz tenkte at ho ikkje ville leve lenger.