Boklansering på Moa bibliotek:

Forteljingar frå ei verd i krise

Marit Kaldhol er bokaktuell med nye noveller.

Eit aldri så lite kulturarrangement: Marit Kaldhol med boklansering på Moa bibliotek. Pressefoto.  Foto: Ma Ortiz

Kultur

«Enno var dei kroppar» er tittelen på den nye novellesamlinga til Marit Kaldhol. Ho presenterte boka si for eit smitteavgrensa publikum på Moa bibliotek, torsdag 18. mars.

«Forteljingar frå ei verd i krise» står det hos Samlaget:

«Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Menneska i denne boka er på vandring, mange under harde kår. Nokre er komne fram, andre kjem ikkje vidare.

Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over» skriv forlaget.

Kaldhol har vore ein svært produktiv forfattar sidan ho debuterte med dikt i 1983.

I fjor gav ho ut vaksenromanen «Ta først på di eiga maske»:


Ålesund-forfattar aktuell med ny roman

Flykta frå det Chile som Kaldhol skriv om

I innleiinga til «Ta først på deg di eiga maske» takkar Marit O. Kaldhol chilenske venner for å ha vist ho tillit og vore til god hjelp med boka. Manuel Fernando Navarro er ein av dei.