Ho blir ny kulturleiar i Volda

Kristina Kostopoulos (41) er tilsett som ny kulturleiar i Volda kommune, og tek til i jobben 1. mai.

Nytilsett: Kristina Kostopoulos tek til som ny kulturleiar i Volda 1. mai.  Foto: Privat

Kultur

Kostopoulos er utdanna sosialantropolog, og er busett på Nordfjordeid. For tida vikarierer ho som kulturleiar i Stryn. Tidlegare har ho mellom anna arbeidd i Stad kommune.