Kulturhus treng ny dagleg leiar

Sigurd Drege sluttar som dagleg leiar for Storfjord kulturhus på Stranda. Han tek i staden over jobben som kinosjef same stad, fordi Knut-Arne Humberset blir pensjonist.

Følger: Sigurd Drege har varsla sin avgang som dagleg leiar for Storfjord kulturhus. I staden blir han kinosjef og altmoglegmann same stad. (Arkivbilde)   Foto: Ingrid Hjellbakk Kvamstø / Nyss

Kultur

– Eg er klar for å bli skifta ut og gi roret til nye og yngre krefter som vil ta kulturhuset til nye høgder. Eg har gjort det eg har kunne som leiar, og vil no gjere mitt beste for å hjelpe den nye leiaren med å bli kjent med både huset, bygda og regionen rundt Storfjorden. Om den nye leiaren ikkje kjem frå nærområdet då.