Komponerer ordlaus songkonsert

Kvintetten skal synge ein heil konsert – men utan å bruke ord. – Dette er ei stor utfordring både for meg, og for kvedarane som skal framføre songen, seier komponist Jorun Marie Kvernberg i Volda.

Komponerer: Jorun Marie Kvernberg i Volda komponerer eit tingingsverk til Førdefestivalen.  Foto: Kristin Støylen

Kultur

41-åringen har fått i oppdrag å levere årets tingingsverk til Førdefestivalen, ein festival som går av stabelen i dagane 7. til 11. juli. Tingingsverket, som har fått namnet Tagal, skal framførast fredag 9. juli – dagen før Jorun Marie har bursdag.