Tom Cruise fortalde om Hellesylt hos Graham Norton

Då superstjerna var på besøk hos den britiske talkshow-verten blei det tid til prat om «Mission: Impossible 7».

Talkshow: Tom Cruise på The Graham Norton Show, her saman med den britiske talkshow-verten Graham Norton.  Foto: Skjermdump fra The Graham Norton Show

Kultur

(Nyss:) Førre veke var Hollywood-stjerna Tom Cruise på besøk hos den populære britiske talkshow-verten Graham Norton på BBC. Han var der mellom anna for å snakke om filmen «Top Gun: Maverick», som er ein oppfølgar til den populære actionfilmen frå 1986, men det blei òg tid til ein prat om stjerna sitt noregsbesøk under innspelinga av «Mission: Impossible 7» i fjor.