MiniMalakoff 2021:

Det blir ein tilpassa Malakoff-festival i år: – Ei ekstraordinær oppleving

– Sjølvsagt er der mykje som ikkje vil vere som eit vanleg Malakoff-arrangement. Samtidig er dette ei moglegheit til å oppleve noko heilt anna - men like spesielt, seier festivalsjefen.

Spesielt: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal fortel at det blir Malakoff også i 2021, men ein heilt spesiell og tilpassa versjon.  Foto: INGEBJØRG NILSEN STOKKENES (ARKIVFOTO)

Kultur

Tidlegare i mai fortalde festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal at det ikkje ville vere mogleg å gjennomføre ein fullverdig Malakoff 2021 slik situasjonen og gjenopningplanen er for Norge i sommar. Likevel ville dei leggje opp til musikkopplevingar og aktivitetar på Nordfjordeid i sommar.