Endeleg turné på tredje forsøket

Jorun Marie Kvernberg, med sitt ensemble Perleskum, slepper i desse dagar singelen «Den dag kjem aldri». Dei reiser også ut på ein forseinka og etterlengta platesleppturné for albumet som kom i fjor vår.

Ensemble: Jorun Marie Kvernberg (med fele) saman med Unni Boksasp (folkesong), Daniel Herskedal (tuba) og Dag-Filip Roaldsnes (piano).   Foto: Oddleiv Apneseth

Kultur

Det heile starta med eit nykomponert verk og ei spesiallaga barneførestilling tinga av Førdefestivalen i 2018, i samband med 200-årsjubiléet til diktaren og forfattaren Aasmund Olavsson Vinje.