Klart for premiere for ein spesialutgåve av Giskespelet:

– Nytt og forfriskande

Det tek til med ein fotballtrenar. Det sluttar med han og. Men det er historia om den mektige Giske-ætta det handlar om.  

Dans og drama: Elevane frå musikk, dans og drama i Fagerlia har lagt mange timar med førebuingar bak seg. Her øver dei i amfiet saman med Paul Ottar Haga og Petter Drabløs på steinen. Bak til høgre står Mikis Campis, regissør og manusforfattar Eldrid Schrøder Kvalvik og koreograf Einar Didriksen.  Foto: Hilde Hovik

Gler seg: Maria I Lagabø Roald, Marta Grethe Aspehaug og Emma Haugrønning Strand gler seg til å vere med i Giskespelet. Emma er forresten veteran i amfiet og med i spelstyret.   Foto: Hilde Hovik

Ny musikk: Mikis Campis har laga ny musikk som han framfører på fleire sjøllaga instrument. Dette er eit strengeinstrument som er laga av ein sengebotn.   Foto: Hilde Hovik.

Forteljaren: I årets Giskespel er det og plass til ein fotballtrenar. Paul Ottar Haga tek oss gjennom historia både som konge og forteljar.   Foto: Hilde Hovik.

Kultur

Berre timar før premiera skal vi vakte oss vel for å røpe for mykje av handlinga i det splitter nye og koronatilpassa Giske-spelet. Men vi kan i kvart fall seie så mykje som at dette blir noko heilt anna enn det som folk har opplevd før i amfiet på Giske.

Forfriskande

– Det er rett og slett forfriskande at dei har utvikla noko nytt og alternativt, seier skodespelar og regissør Paul Ottar Haga.

Han har vore med i Giskespelet i fleire år. Denne gongen er han hyra inn for å vere den som fortel alle historiene som på ein måte er grunnlaget for handlinga i Giskespelet, men som ein ikkje har gått så mykje inn i tidlegare. Det tradisjonelle spelet har handla mest om det som skjedde på Giske. I år blir publikum tekne med på reiser langt utanfor Giske og landet sine grenser.

– Eg har vore konge i tre oppsettingar og instruktør for fire, og heile familien vart veldig glade i Giske og folket her. Så meinte eg det var på tide at andre fekk ta over. Men då Arne Tunheim ringte, trur eg ikkje han rakk å fullføre spørsmålet før eg sa ja, fortel Haga i ein pause i øvingane.

Fagerliaelevar

Denne dagen er elevane frå musikk, dans og drama i full sving med å finpusse sine oppgåver i amfiet.

– Vi har jobba med dette i eit år, men det var først i slutten av april vi fekk vite at det vart spel, seier Maria I Lagabø Roald, Marta Grethe Aspehaug og Emma Haugrønning Strand. Emma er forresten litt av ein veteran i Giskespelet.

– Eg har vore med sidan eg var lita, og no sit eg i styret for spelet, fortel ho.

Maria og Marta har begge sett spelet, og gler seg til å vere med på å gi publikum noko nytt og spennande.

Ny musikk

Eldrid Schrøder har skrive manuset til årets spel i tillegg til at ho er instruktør. Einar Didriksen er koreograf, og dessutan lærar for elevane på Fagerlia, medan Mikis Campis har komponert heilt ny musikk.

– Eg har prøvd å skape musikk og lydbilete som står til dei ulike tablåa i spelet, fortelt Mikis. Han tek i bruk mange ulike instrument, og fleire av dei har han laga sjølv. Eit strengeinstrument er for eksempel laga av ein sengebotn. Steinar og sverd er også «instrument» som ligg rundt Mikis i musikkhjørnet hans.

Smittevern

Det er ikkje berre handlinga i årets spel som blir nytt og spesielt. Sjølve avviklinga må også skje på ein måte der smittevernreglane blir fylgt til punkt og prikke både for publikum og aktørar, understrekar Britt Giske Andersen som er styreleiar i Giskespelet.

I praksis betyr det at det berre blir plass til eit publikum på 200 på kvar av dei fire framsyningane. Den eine framsyninga på laurdag har forresten pensjonistlaga på Valderøy og Vigra og Frivilligsentralen i Giske spleisa på, og dei deler ut 200 gratisbillettar til pensjonistar i Giske kommune. Den andre framsyninga på laurdag er utseld, men elles finst det billettar til alle som har lyst til å vere med på ein heilt spesiell historietime.

– På grunn av smittevernreglane kan vi ikkje ha sal av mat og drikke i år, men folk må gjerne ta med seg kaffi på termos, forsikrar Britt Giske Andersen. Så no er det berre godvêret vi må sørge for, og det brukar å gå ganske bra. Spelstyret har alltid eit møte før premieren der vi vedtekt at det skal bli brukbart vêr. Det har vi gjort denne gongen år, ler styreleiaren.

Det er Kristina Grimstad Nordstrand og Rune Sæter som har hovudrollene som Sigrid og Kalv.