Gir 5,7 millionar til kulturfeltet i fylket

– Det viktigaste formålet med ordningane var å stimulere aktivitet og gjenopning av samfunnet, seier kontorsjef Hilde Hernes Hovland i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fekk midlar: Hatlane skolekorps er blant dei som har fått midlar frå fylkeskommunen.  Foto: Kristina Fuglseth (arkiv)

Kultur

Gjennom fire stimuleringsordningar for kulturfeltet deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut 5,7 millionar kroner i midlar til det frivillige kulturlivet, det profesjonelle kulturlivet, kulturarv og reiseliv og til prosjekt innan nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar.