Nytt lokalt bokprosjekt

Tips for grøn, lokal og kortreist kjærleiksfeiring

Er det bra for miljøet, vil det vere bra for festen også, er tanken bak bokprosjektet om berekraftig bryllaup.

Vil inspirere: Trioen bak prosjektet «Berekraftig bryllaup» er så smått i gang med fotografering til boka. Fv.: Judith Bech, Ina Giske, Emily Bech (modell) og Elin Helland Johansen. Sjøhesten Hippo er maskot frå Giske si barnebok om plast i havet.   Foto: Happy Ocean Studios

Kultur

– Vi er heilt i startfasen i dette bokprosjektet, og idéane flagrar i alle retningar, men sluttproduktet skal bli bra. Det er eit stykke nybrotsarbeid vi er i gang med. Vi skal lage ei inspirasjonsbok om bryllaup som ennå ikkje finst i marknaden, fortel Judith Bech, Ina Giske og Elin Helland Johansen.