Sommarljom i Ørsta:

Festival som planlagt - men med ekstra fokus på smittevern

Festivalen Sommarljom i Ørsta med 200 selde billettar gjekk som planlagt torsdag.

Sommarljom: Oversiktsbilde. - Her er det enkelt å halde god avstand. Vi oppfordrar publikum til å halde 2 meter mellom kohortar, seier Torgeir Standal.  Foto: Torgeir Standa.

Kultur

På tre dagar har nær 70 personar testa positivt for koronaviruset i Ørsta og Volda. Situasjonen er så alvorleg at kommunane torsdag kveld gjekk ut med ei sterk oppmoding til folk om å avgrense all sosial kontakt.