Det blir festival på Bigset - men kommunen stiller med hurtigtesting

I staden for å avlyse Langerysta Sommarfestival, stiller Hareid kommune med hurtigtestar for å senke smitterisikoen til eit akseptabelt nivå. Det etter det store smitteutbrotet i Ørsta og Volda dei siste dagane.

Tek ingen sjansar: Festivalleiinga (bildet) og Hareid kommune tek ingen sjansar. Langerysta Sommarfestival blir gjennomført - men kravet for å kome inn på festivalområdet er anten grønt koronasertifikat eller at ein testar negativt på hurtigtesten Hareid kommune stiller med ved inngangspartiet.   Foto: LINDA EIKREM, Vikebladet Vestposten/ARKIV.

Kultur

Vikebladet Vestposten: Smitteutbrotet har vist seg å ha forgreiningar også til andre stader på Sunnmøre. Fleire nærkontaktar i Hareid kommune er til dømes i karantene og har testa seg som følgje av dette. Fordi situasjonen i Ørsta og Volda er uoversiktleg - og fordi Ålesund kommune også melder om smitteutbrot - har Hareid kommune vore i tvil om Langerysta Sommarfestival kan gjennomførast.