Raumarock skal koronateste opptil 1.500 kvar dag – slik løyser dei det

For å sikre testing av festivaldeltakarar, skal festivalen setje opp ein eigen hurtigteststasjon i Raumahallen.

Ingrid Helene Håvik og Highasakite speler på Raumarock laurdag. Med plass til om lag to tusen publikummarar blir festivalen ein av dei største i Norge i år.   Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Kultur

Romsdals budstikke: Etter eitt års koronapause kjem Raumarock sterkt tilbake med festival. I år har rocken lagt opp til om lag to tusen publikummarar, fordelt på fire kohortar. Dette gjer festivalen til ein av dei største i Norge i år.