Kjenslevar og varm jazz

Fredag kveld i Fosnavåg og laurdag i Ålesund vert det endeleg råd å høyre levande jazz att.

Bandet Baker Hansen er Sigurd Rotvik Tunestveit, sunnmøringene Erling Skorpen og Kjetil Jerve pluss Stian Andreas Egeland Andersen og Tore Flatjord.   Foto: Kristoffer Eikrem

Kultur

Dei to kulturhusa slår dørene opp for Baker Hansen. Desse musikarane har lagt ut på vegen med Chet Baker i bagasjen. Om ikkje anna, vil mange kjenne att Baker frå Jan Erik Vold si nydelege plate med den definitive versjonen av "Blåmann, Blåmann".

Allereie frå unge år vart Chet Baker kjend for si mjuke songstemme. Ja, han song vel mykje likt som han spela: Lågmælt, mjukt og overmåte lyrisk. Ein sarkastisk meldar skreiv ein stad at Baker særleg appelerte til dei kvinnelege delane av publikum. Truleg av rein og skjær misunning? Det hjelpte vel på at han også hadde utsjånaden med seg.

No kjem altså ein fem mann stor konstellasjon til oss for å presentere Chet på norsk, som dei seier. Songaren og trompetaren var ein av dei som bana veg for den såkalla cool-jazzen. Baker Hansen ser det slik at Chet Baker vart sjølvaste forteljarstemma innan sjangeren.

"Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål? Sart. Sårt. Og samtidig uimotståeleg coolt - slik kan Chet Baker sin musikk skildrast.
Korleis lytter ein med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen? Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?

Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte. Historiene er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss", skriv bandet framfor turnéstoppa i Fosnavåg og Ålesund.

Programmet er framført i godt over 200 konserta både her heime og over i Sveariket. Musikken finst også på tre album: "Ei som deg" (2014), "Gamle Daga" (2016) og "Live i Oslo" med John Pål Inderberg (2019). Sistnemnde har i alle år vore ein norsk eksponent for cooljazzen.

Bandet Baker Hansen ser slik ut: Sigurd Rotvik Tunestveit, song og gjendiktingar, Erling Skorpen, trompet, Kjetil Jerve, piano, Stian Andreas Egeland Andersen, kontrabass og Tore Flatjord, trommer.

Herrane Skorpen og Jerve er opphavleg frå Herøy og Ålesund. Baksten deira har falle i smak: “En liten perle” (Lytterom NRK P2), “Ein sikker scenesuksess” (Roald Helgheim, Dagsavisen) og så ei helsing frå Tor Hammerø: “Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne”.

Ja, då er det berre å ta ein tur ut på konsert.