Kan igjen bli årets nynorskkommune

I 2019 vart Ålesund kåra til Årets nynorskkommune i Norge. No kan dei bli det igjen. Ålesund er nemleg nominert, saman med mellom andre Herøy, Fjord og Stad - og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nominert: Ålesund er ein av ni nominerte til Årets nynorskkommune.  

Kultur

Kulturdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune» 2021. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.