Set pris på bygd og seter

Else-May Norderhus, Tove-Lise Torve og Eva Hove har lagt planar for fredagen. Dei skal alle tre til bygda Norddal for å dele ut pris.

Prisvinnar: Herdalssetra i Fjord kommune.   Foto: Terje Engås

Kultur

Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen får nemleg Kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte.