Klar med nytt Klypa-show:

På scena som seg sjølv også

Kjellen, Palle og dei andre Klypa-karakterane får selskap av Thomas Ryste sjølv i showet «20 år og like forbanna».

Premiere til helga: Fredag har det nye Klypa-showet «20 år og like forbanna» premiere i Ørsta kulturhus. Regien er det Ørjan Liavåg (t.v.) som har, og han står også for musikken og har vore sparringspartnar for Thomas Ryste på tekst.   Foto: Privat

Kultur

– Akkurat det har eg knapt gjort før, så det blir spennande. Men kva eg skal snakke om vil eg gøyme til showet, seier Thomas Ryste. Tett som ei sil, skal det vise seg. Meir om det seinare.