Som dette vakre minnet om møtet vi fekk med pensjonert biskop Per Lønning.

Det ville seg slik at dei var i beit for prest i Måløy nokre veker i 1997. Lønning hadde eit passe stort ledig hol i ei elles velfylt avtalebok og takka ja til å hjelpe. Han registrerte ein massiv velstand rundt seg. Mykje av den var rett nok lånefinansiert på denne tida. Skal vi tore å leggje til «nett som no»?

– Gudsfrykt og nøysemd har helst gått hand i hand. Tidlegare var stort pengeforbruk på glitter og gleim eit byproblem. I dag er det vel meir fordelt utover landet, filosoferte Lønning.

Han offa seg over at livet meir og meir dreidde seg om standard og status. Dei ytre livskåra. Gamlebiskopen peikte like mykje på seg sjølv som andre, for også han trengde å verte ropa til rettes av Guds ord, som han formulerte seg.

– Å leve er å vere til i ein større samanhang. Å ha ansvar og omsorg for kvarandre. Alle står i skuld til kvarandre og treng tilgjeving. Men Bibelen si ramsalte utfordring om tollaren i tempelet høyrer ein lite om i dei nyreligiøse kretsane. Det meste går glatt der i garden.

Han fekk sagt det, Per Lønning. Og no er han også borte.