«Husmødre på oljeleiting» var tittelen denne gongen. Som om dei måtte leite? Det var då etter måten lett å finne alt svineriet som flaut opp og i land frå den polske bulk-båten «Sonata». Det gjekk rett vest med fartyet – rett vest av Lepsøya.

«– Eit frykteleg skitarbeid, men det er klart vi lyt gjere ein innsats, seier desse kvinnene, som har samla opp olje med hendene i fjøresteinane på Haramsøya denne veka», står det å lese.

«Dei er opprørt over oljesølet, og tenkjer med gru på kva som kunne ha skjedd om utsleppet hadde vore større.

Men sjølv om arbeidet er hardt, og vinden tek kraftige tak i dei tilgrisa kjeledressane, så blomstrar humoren i fjøra», held framsidetilvisinga fram.

På bildet ser vi frå venstre Oddbjørg Flem, Randi Olsen, Linda Åkre, Laila Longva og Reidun Flem.

Fotograf Mattis Thoresen fanga dei inn i fjøresteinane ved Myskja.

Det stod ikkje på dugnadsviljen, forstår vi av reportasjen.

Humor, ja. Dei heiv inn ein god porsjon galgenhumor òg:

«Det er kjekt på Haramsøya no. Vi har fått så mange oljesjeikar. Men dei er så glatte at vi får ikkje tak i dei, seier ei haramskvinne som lurer på om heller bør kalle seg haremskvinne».

Det lak ut 100 tonn tungolje i 1991. Somme kunne fortelje at det vart slept ut mykje meir under krigen. Dei hadde visst svarte steinar i fjøra då også.