Verselinene av Henrik Straumsheim var knytt til solvendinga i 1966 her i Sunnmørsposten.

Diktaren krafsa seg fortvila ned til grunnfjellet av evig sanning og det må vere lov å dele håpet han har i «Solvending»:

Mørkaste månad i året,

vonene vende til tvil,

havet med brytande båre,

jorda med sloknande smil.

Gjennom dei døkkleitte dagar

renn så eit år mot sin os,

medan vi sutfulle klagar,

ventar vi enno på ljos.

Midt i dei mørkaste stunder,

just medan modløysa rår,

hender eit solvendings under,

så ber det atter mot vår.

Enno vil vondskapen råde

over den sundflengde jord,

folk som med valdsverk og våde

reiser seg bror imot bror.

Når skal vel vonløysa ende,

når skal ei ætt utan sverd

fylgjast som frende med frende

fram mot ei ljosare verd?

Midt i dei mørkaste stunder

stig det frå høgdene ned

song om eit julenatts under,

bodskap om frelse og fred.

Solvendings-ljoset det klåre

vender til von all vår tvil,

mørkaste månad i året

møter oss då med eit smil.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.