«Ålesund Kameraklubb, tur til Alnes» står det nemleg å lese på konvolutten av tynt pergamentpapir.

Dei som har levd ein stund vil kunne nikke attkjennande til synet av slike konvoluttar. Dei var nemleg nytta til utbetaling av løn i dei gamle, gode dagane då «cash» var «king».

Ja, vi fekk då også den usle hyra av nokre dagpengar under militærtenesta i slike. Setlar og myntar om kvarandre. O lukke!

Ved nærare fingransking: Kan det vere Sunnmørsposten sin «Svint» som ligg ved enden av kaia langt der nede? I så fall har Bjarne Skarbøvik hatt meir enn ein film og ein finger med i spelet denne vakre fotodagen.

Ut frå vår elementære kjennskap til tradisjonen med å arrangere motiva, trur vi nok at fotografane har vorte vennleg, men bestemt instruert til å stille seg nett slik på rad og rekkje.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Om dei ikkje er det, må vi seie det er eit heldig samantreff.

Kjennarar av kamerautstyr vil sjå at sekstitalet byd på etter måten vilt varierande tekniske tilnærmingar til faget.

Desse glade fotoamatørane nyttar seg såleis både av toøygd spegelreflekskamera, belg-apparat for mellomformatfilm og eit par variantar av meir kompakt 35 mm småbildeutstyr.

Den nye tid trengjer seg på. I svart/kvitt og fine fargar.