Dette omgrepet kjende alle rundt Brattvågen til: Rett etter krigen hadde dei færraste eigen bil. Difor stelte verksemda til mektig populære søndagsturar.

– Turane gjekk på forsommaren, ut tidleg og heimkome seint, fortel Jostein Kvithaug.

Første åra nytta dei i regelen rutebåten «Brattvåg», men etter Remmetunnelen vart opna i -54 blei det gjerne bussar.

Det var han som styrte og stelte med Hydraulik-turane. Inklusive å skaffe traktementet.

– Etter ein del telefonering vart ordrane stadfesta i telegram. Ein gong lydde det slik:

«Ankommer søndag kl. 13.00. Ønsker servert middag til 100 personer hvis mulig».

Telegrammet var naturlegvis underteikna Grøtt.

Rømegrauten vart heldigvis god den. Historia like så.

På turbildet, muleg i Eikesdalen, sit f.v. Jens Rimereit i ei attegløyme frå krigen: VW Kübelwagen. Dei framme er nok lokale, men bak har vi fargeklatten Mindor Enoksen og til høgre Sigurd Johansen – «han Hamar». Turane turka inn på sekstitalet, og der tapte vi noko sosialt, synst Jostein.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.