Finaste vêret kjem likevel ikkje før skulane har byrja på att.

Vi kortar ventetida til at så skal skje med eit fotografi Per Arne Grebstad fann i ei av skuffene sine då surveret framleis herja tidlegare i vår.

Han greidde ikkje sleppe motivet, og gjorde det einaste rette i slike høve: Sende det gilde fargebildet sitt hit.

– Ein augustsøndag nede ved elva har vi bada i det krystallklare vatnet frå buar og åkomer. Her har bufeet beita i meir enn tusen år, fortel Grebstad.

Stølen i bakgrunnen fekk utforminga si omkring år 1900 då kua overtok etter geita. Sela vart då sette på fjøsmurane.

Ein mannsalder tidlegare hadde setra fått køyreveg.

Det er ni kilometer til Auretunet.

– I dag er her dyrka. Blautgjødsel og salpeter skaper vokster for beitegraset. Følblom og krattskog er borte, peikar Per Arne på.

I denne totale 1970-idyllen sit frå venstre Aase og Olav Asbjørnsen, Emte Aure, Unni, Målfrid og Tone Grebstad.

– Syndalen er Aure si sommarseter. Ore og eine er teikn på god jord. Dette kan ha lagt grunnlaget for ein stabil produksjon av mjølk, smør og ost gjennom mange år.

I dag beiter her 100 mjølkekyr. Elektrisiteten driv mjølkemaskiner og tankbilen hentar mjølka.

– Ja, det er i sanning «Modern Times»! seier Per Arne Grebstad.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.