Elevane er Theresa Hammer, Langevåg, Lisbeth Larsen, Hareid, Glen Ove Brandal, Langevåg, Birte Wollmann, Ørsta, Odd Arne Skrede, Ålesund, Karina Salvatierra, Fosnavåg, Janne Rita Nygård, Lauvstad, Karina Humberset, Volda, Evelyn Lauvstad, Lauvstad, Eldar Kalland, Runde, Alis Joensen, Sykkylven, Bente Emma Austnes, Troms og Tove Nerland Lid, Tomrefjord.

Lærarar er Roger Bondhus og Leif Atle Strand.

Så stod det å lese her i bladet 2. august 1992. Eksakt 25 år sia.

Same kor vi vrir og vrengjer justeringa på dette motivet, blir vi ikkje kvitt pastellfargane. Kvite sokkar i mørke småsko er det visst heller ikkje stort å gjere med.

Slik såg vi faktisk ut, ved inngangen til det siste tiåret i det 19. århundret. Er dei ikkje skjønne?

Ikkje veit vi om dei driv intensivkurs framleis i Ørsta. Men her på seinsommaren i 1992 var dette rasande god butikk, som vi skjønar. For alle partar.

«– Så å seie alle bur her, sjølv om dei fleste av oss kjem frå Sunnmøre. Dagane er nemleg så lange at vi kan ikkje kaste vekk tid på reising. Enkelte dagar har vi starta klokka sju om morgonen, nokre kveldar er vi først ferdige i ti-tida, fortel elevane».

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Jentene var i fleirtal på sommarkursa, les vi vidare.

Og peikefingermoralen bak vår vesle innleiande provokasjon? Eit ferskt førarkort inneber at du får lov å køyre. Ikkje at du brått er ny verdsmeister.