Det er god journalistisk praksis å presentere det viktigaste først.

I dag torer dét vere bodskapen om at verkstaden i Hjørungavåg hadde patentslipp lengje før både karane i Vik og dei inne på Kvennaneset i byen.

Når det gjeld Hatlø sitt anlegg, får vi vite fylgjande:

– Fangstsskuta «Polaric» gjekk til Stord Verft og lasta deira gamle slipp som skulle til Hatlø. Dette hende i desember 1949, fortel Eldar Pilskog, som naturlegvis var med på turen.

– Ekstra artig var det forresten å sjå at stordabuane var i ferd med å spante opp sjøbussen «Romsdal», legg den maritime veteranen til.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Ein annan godt vaksen kar er Olav O. Dimmen. Han kan tidfeste tiårbildet nokså greitt.

– Ulstein fryseri nede til venstre er heilt oppkome. Det vart etablert i 1947. Så ser eg at Krushammaren ikkje er skoten ut. Det byrja dei på året eg tok til på skulen, altså 1949. Fylgjeleg må dette fotografiet vere frå sommaren 1948 eller der omkring, peikar han på.

– Det er nok fotograferingsvinkelen som lurer deg, filosoferer Olav O. Dimmen.

I same rennet slår han i hel teorien vår om sjølve bukta.

– Han Karsten Warholm kunne nok ikkje sprunge særleg på desse strendene. Dei hadde nemleg reine «dyngjebotnen». Gjørme mest av alt!

Jaja. Det er vel fin trening?