Idar Valkvæ på Godøya kjem med dette lett patinerte lysbildet og lurer på om det kan vere eitkvart for tiårspalta.

Det er ikkje tvil i vår sjel på nett dette punktet, i det minste. Sjølvsagt skal vi trykkje gruppefotografiet av vakker ungdom!

– I desse dagar er det 40 år sia gjengen på biletet dimma frå militæret. Altså Luftvernartilleriet på Ørland Flystasjon, fortel Idar.

– Dei siste dagane før dimittering var litt meir avslappa, og ein ekskursjon til kanonane på Austrått høyrde med.

– Der sit namna godt. Trønderar og andre vert diverre meir usikre, orsakar Valkvæ seg.

Vi går til åtak frå venstre: I lyseblå skjorte står ein Johansen. Så kjem truleg Torbjørn Hove frå Stordal. Dei to neste er ukjende no. Så i lys battledress står ein Dahl og vinkar. Rett bak han ser vi Oddbjørn Aure frå Ålesund.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Til høgre for vinkehanda står Gustav Alnes frå Alnes. Soldaten som tuslar bortover til venstre er Jon Kårstad frå Kvamsøya.

T.h. for Alnes står ein Havaag. Idar Notøy frå Gurskøy sit framom der i skjegg og briller, med ein Rolland framfor seg.

Neste «rasta»: Grøvdal frå Åndalsnes atterst, med Eivind Søvik frå Ulsteinvik sittande heilt fremst. Til høgre for han ser vi Ola Kvande frå Kvanne, Bjørn Veland frå Bergen rett bak, og heilt atterst Ole Furnes frå Godøya.

Viss vi no hoppar over ein og held oss heilt bak, kjem f.v. Asbjørn Kalvøy frå Søvika og Rune Holstad frå Hareid. Løytnanten til høgre er Morten Ovesen frå Bærum. Heilt til høgre framme sit ein Kallmyr frå Molde. Han som poserer med kamera framme er ein Erdal - kan hende frå Vanylven. Ikkje rart han smiler: Det sivile livet ventar rett rundt hjørnet!

Gamle Noreg takkar dykk alle.