Det hende om lag i desse dagane for 25 år sia. Pater familias Opsals – helst kjend som Kjell – kom med klåre meldingar her i bladet:

«I dag er det Selbu som er landets fremste gammaldans og trekkspelkommune.

Men vi i Ørskog tar mål av oss til å bli eit like naturleg trekkspel- og gammaldanssenter».

Og frå tidleg føremiddag til langt på kveld låt det frå belg og boge i bygda, les vi vidare.

«Vår viktigaste oppgåve, seier Kjell Opsal, er å skape miljø for denne typen musikk.

Og det er nesten utruleg å sjå korleis interessa for denne musikken har blomstra i Ørskog/Vestnesområdet dei siste 20 åra.

Vi har no eit mylder av aktørar og utøvarar, og for tida er det til dømes kring 40 som lærer seg å spele trekkspel hos lokale utøvarar», fortalde Opsal.

Det må ha vore eit godt år, 1992. Dei starta til dømes Ørskog Spelmannslag då.

«Kanskje har det noko å gjere med at fleire vil ha noko ekte. Noko som er vårt eige. Ei motvekt til den andre musikken som omgjer oss», svara Kjell.

Vi ser sonen Reidar bak her, og så f.v. Odd Vold, Lillebror Vasaasen og Jarl Waage.

Vart så Sjøholt eit naturleg sentrum i trekkspeluniverset? Vi er viljuge til å meine dét.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.