No skal vi pille lo ut av SMP-navlen vår: Som kjent har Aud Farstad skrive bok om journalist-pioneren Amanda Cecilia Olsen – Aco.

Største utfordringa i dette prosjektet var å finne att nokre av dei mange fotografia Aco tok. Dei verkar å vere spreidde for alle vindar – eit stort tap!

– Dei som har bilde tekne av ACO må melde seg, oppmodar Farstad og legg ved eit døme.

– Det er frå Skeide i Ulstein 1930. Vi har fått det frå Rigmor Søvik i Ålesund, fortel forfattaren.

Rigmor Søvik si 93 år gamle tante, Kitty Bø, har budd 60 år på Åndalsnes, men har halde Sunnmørsposten og Vikebladet heile tida. «Dersom eg skulle seie opp dei så var det som å kutte navlestrengen», seier ho.

Aco brukte å vitje mor hennar, Jenny Saunes. Jenny var aktiv i Sanitetslaget og i mange andre foreiningar.

– Når Aco var der «eg ser ho føre meg», så tok ho mange bilete. «Ho hadde alltid med seg fotoapparatet og tok fole mykje bilete av oss ungane og av arbeidslivet.

Aco-artikkel: - Tro ikke at din sjef er forelsket i dig, bare fordi han er vennlig

Ho var nede på grasrota, veit du. Skreiv om livet slik det var då og med dei verdiane som var den gongen.

Eg er så glad i det biletet. Du ser dei står med kvardagsklede og arbeider med fisken. Det var vi som eigde fjøra, men det var andre frå Ulsteinvik som òg fekk kome og tørke fisk der – slike som trong litt ekstra.

Eg hugsar godt korleis det var når det var varmt midt på dagen så måtte vi gå ned i fjøra og snu fisken med skinnsida opp slik at han ikkje skulle bli solbrent».

Laurdag 2. desember er det ope hus i Sunnmørsposten. Der vil også Aud Farstad vere. Dette må då vere eit godt høve til å ta med og syne fram gamle Aco-skattar?