Han har vore der heilt ut frå starten og så godt som alltid. Vi veit om berre eit par små luker der stødige vikarar har gjeve banjo-spelaren ørlite fri.

På denne dagen rundar Aarø 80 år. Ikkje til å tru! Men det er nett så sant som det står skrive her.

Rykta vil ha det til at det vert fest etterpå. Hjarteleg til lukke!

I dag er han einaste gjenverande av ur-musikarane. På Roger Engvik sitt klassiske fotografi frå første turen til New Orleans i april 1976 ser vi dei alle:

Frå venstre Helge Førde, Ottar Anderson, Jens Arne Molvær, Stein Erik Tafjord og Jarle Førde. Det vart enorm suksess.

Nokså tidleg i bandet si karriere innleia Suløen samarbeid med ragtime-esset Morten Gunnar Larsen. Han er truleg den med nest lengst fartstid.

Vi må heller ikkje gløyme vokalfyrverkeriet Tricia Boutté!

Skal vi sjå: Namn på kjende personar frå Slagnes? Må vel bli musikar og bildekunstnar Einar Aarø, dét.

Ja, og så diktaren Inger Hagerup, naturlegvis.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.