Namna først. Den venskaplege «pirtinga» tek vi etterpå:

Bak f.v. Sigmund Bakke, Leif Parr, Kjetil Vik, NN, Leif Grebstad.

Midten: Olger Grebstad, Norman Abelseth, Norvald Sjåstad, Hjalmar Slinning, Louis Aure, Vebjørn Århus.

Sittande f.v. Petra Brudevoll, Sølvi Klokk, Jorunn Welle, spelemannen Henrik Straumsheim (!), Norun Vik, Anna Brudevoll, Oddbjørg Århus.

– Dette fotografiet av Sykkylven leikarring er frå 1950–51. I 1950 var dei på tur til Danmark og vitja folkedansarar der. Desse var seinare på gjenvisitt i Sykkylven, fortel Oddmund.

Og sunnmørsbunad hadde dei alle i hop, så kom ikkje der!

Han og kona Kirsta trødde dansen sjølve i meir enn 25 år. Om eit par månader rundar Oddmund dei åtti. Han kan melde om fullt køyr i ungdomslaget sin leikarring. Det står til liv i folkedansmiljøet i bygda.

– På tida bildet vart teke, var det helst «Blinde-Karl» Eidem som spela på øvingane. Eg trur diktaren Henrik Straumsheim var med til Danmark som ein slags reiseleiar attåt å spele.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.