Det vil seg nemleg slik at forfattaren Liv Randi Bjørlykke er i ferd med å lage bok om Sylte hotell i Valldal.

Bokstavar bit bra fra seg, men det er då gildt med fotografi også. Difor går det ut etterlysing no – på vegner av eit prisverdig prosjekt. Kven har feriebilder av byfolk på landet?

– Før krigen tok velståande fruer frå Ålesund med seg borna på hotellferie i Valldal, der dei oppheldt seg i vekesvis for kr. 3,50 for dag med full pensjon, fortel Bjørlykke.

– Mennene kom innover kvar helg med rutebåten og betalte.

Når vi høyrer dette, byrjar vi å lure på om dette var ein opphavleg variant av omgrepet «kjerringferie»? Nei, då kunne vel ikkje borna vere med, skulle det bli dreis på kvilda? Så likestilte var dei neppe på trettitalet.

– Bildet skal vere frå Sylte i 1932. Bak til venstre står hotellsjefen, Knut Osvik, søndagskledd. Kona, Marie, sit til høgre med forkle, klar til å rydde etter kaffislabberaset i hagen, der det sikkert vart servert både jordbær og fløyte.

Gjestene på Sylte hotell, som kom att år etter år, kunne vere frå familiane Thoresen, Schlyder, Alm, Giørtz og fleire, peikar Liv Randi Bjørlykke i Sykkylven på.

Hotellet ho skriv om starta drifta si rundt 1870. Ferierande ålesundarar i fjordstroka innaanfor står altså høgt i kurs hjå henne. Det er berre å starte leitinga etter gamle fotografi.

Tiårbildet bur til vanleg i album hjå Anna (Dahl) Skodvin.