Vi markerer her at det har gått eit kvart hundreår sia første spadetaket på Muritunet i Valldal. Vel og bra. Gratulerer så mykje til alle involverte.

Rett skal vere rett: Dei hadde då i sanning jobba og stått på desse dignitærane rundt spaden også – men då meir på det politiske og teoretiske planet.

Arbeidaren er si løn verd, det står i Skrifta. I avisskrifta frå 6. februar 1992 står det nokre liner om denne gladhendinga:

«Det var feststemning i Valldal i går då Ragnar Lødøen og fleire andre eldsjeler kunne ta det første spadetaket på Muritunet.

Mange bygdefolk og representantar frå ulike helselag var møtt fram for å få med seg denne milepælen i arbeidet med oppføringa av behandlings- og opptreningssenteret».

Skal vi sjå: Frå venstre bortover mot høgre har vi Bertha Rødal, som var leiar i Nordal helselag då Muritun-prosjektet vart lansert, prosjektleiar Ragnar Lødøen, ordførar Arne Sandnes, fylkessekretær i nasjonalforeininga Siri Starheim, Ellinor Ruset, leiar i Norddal helselag, formannen i byggje-nemnda Kristian Ruset og Johannes Vaag, leiar i styret for Muritunet A/S.

Spelemannslaget ønskte Muritunet lukke til på mest høvelege vis. Kva dei spelte? «Lykkebringaren», sjølvsagt.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.