For noen tiår siden:

Dei sette då att bilar før om åra òg?

  Foto: Børre I. Grønningsæter

For noen tiår siden

300.000 Geiranger-turistar til sommaren seier du? Ein halv million? Eit par milliardar? Berre kom med dei, vi skal nok vite å ta unna køane.

Det bør gå som ein leik. Denne ferja tek jo heile åtte bilar i slengen. Lenger ute på fjorden kjem eit om mogleg endå staselegare skip med plass til haug og dunge.

Då skal det bli råd med turbussen til høgre her også, skal du sjå.

I dette nydelege tiårbildet frå seint seksti- eller tidleg syttital står vi i ferjekø på Linge. Vegen vestover mot Liabygda er ikkje ferdigbygd. Men dei held no på, her i fjellsida heilt til høgre. Nokre meter til, så er plassen for tunnelpåhogget funnen.

Inspirasjon kan komme så mange rare steder fra

Sørvest i Siem-en ble blues

Har de holdt på i tjue eller tjuefem år? Det viktigste tør være at Blunders Blues Band faktisk holder på. Så til de grader.


Vi fann negativet i ein frilanskonvolutt merka Børre I. Grønningsæter, og det er tydeleg sambandet som står i sentrum for avis-merksemda.

På denne tida går det ferje både til Eidsdal, Overåneset og Stranda her frå kaia på Linge.

Den smekre Austinen atterst i køen har nokre svarte skilt som skrik «turist» langvegsfrå. Både Opel Rekord og Ford P7 er elles ute og rullar i grusen denne sommaren som ser rett fin ut.

Som bruksviset var før om åra, må ein anten køyre innpå dekket eller ryggje seg på plass – alt etter kvar ein har tenkt seg på land. Vi vil tru dette vart opplevd som ein smule eksotisk av folket i Austinen?

For noen tiår siden:

«Lite å utsette på Sunnmørspostens sivile beredskap»

Dette svennestykket hadde våre tiders avismakere fått store problemer med å gjøre etter.


For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.