Elin Torvholm og Reidar Hole var i bladet 26. mars 1993. Dei arbeidde då ved Stolt Seafarm Møre på Mjølstadneset og var to av dei første med fagbrev i fiskeoppdrett, skreiv vår gode kollega Frode Kleiveland.

Eline var første jenta, så mykje er heilt sikkert.

I åra som har gått, har ho visst skifta beite over i Mattilsynet. Vi tippar fagkunnskapen som vart opparbeidd og innstudert anno dazumal kjem til nytte der også.

«Ho er den tredje som har denne utdanninga. Den første var Knut Kjøl på Sunndalsøra og den andre var Reidar Hole som arbeider saman med Elin Torvholm på kveiteanlegget til Seafarm i Herøy», les vi.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Papira dokumenterte at desse to kunne arbeidet med kveita frå klekking til slakting.

«Med den praktiske prøven avslutta Elin Torvholm eit utdanningsløp som starta i 1988 (...)

Bak seg har ho 45 månaders læretid, og ho har teke sju skriftlege del-eksamenar før ho kunne avslutte med den praktiske prøven som tek ein dag».

Før der hadde Torvholm grunnkurs i fiskeiindustri og praksis frå lakseoppdrett.

– For tida er vi midt i strykinga av kveitene og vi har eit hardt arbeidspress. Kveita spør ikkje etter klokka», kunne unge Elin fortelje Sunnmørsposten.