Det er heile tre tiår sia no, men vi hugsar svært godt dette triste fotografiet.

«Veslekari» gjekk ned ved Jan Mayen i 14.30-tida 8. april 1988. Isen vart for hard.

Til alt hell kom mannskapet seg ut og vekk i tide. Skipper Atle Brudevik tok ingen sjansar då han skjøna omfanget av lekkasjane i maskinrommet.

Om bord i havaristen hadde skipper Atle selskap av førsteskyttar Terje Haugen, maskinist Nils Ryeng, stuert Lars Ove Våge, assistent Odd Haugen, Magne Gilleshammer, Frode Haugen, Bjørn Årdal, Hjalmar Solheim, Rolf Nore, Odd Rekkedal, Magnar Berge, Knut Krogsæter og så den danske forskaren Lars Anker Angantyr, som fotograferte forliset.

Det vart tre kalde timar på isen. Denne ettermiddagen baud på femten minus i området, men redninga kom i form av fangstskuta «Harmoni» av Tromsø.

Alle var i overlevingsdrakter og kunne helse heim i fin form.

«Veslekari» hadde fangsta ein snau månad. Tre tusen dyr av kvoten på fire tusen vart med båten ned.

Det vart såleis heller ikkje noko av planen å gå til Austerisen etter lossing i Tromsø.

Med vemod må dei stå og sjå på at «Veslekari» vert tyngre og tyngre i akterenden, baugen reiser seg som i trass.

Mannskapet iakttar dramaet frå orkesterplass», står det å lese fire døgn etter.

«Framleis strittar fangstskuta mot naturkreftene. Berre baugen syner over isskorpa. Rundt skuta flyt restar av utstyret om bord. «Veslekari» reiser baugen før den stille forsvinn i djupet under isen.

Berre bobler og skummande sjø viser kvar fangstskuta forsvann. «Veslekari» har vorte historie».

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.