Dette vart mellom anna markert ved at alle dei tilsette ved møbelfabrikkane i Stordal vart samla til fotografering framfor kommunehuset.

I åra som følgde vart eit par av bedriftene kjøpte opp, og etter kvart vart ein del av produksjonen flytta ut av Stordal. I dag er det anna verksemd i nokre av dei tidlegare møbelfabrikkane. Stordal kommune og selskapet Vekst i Stordal har kome langt i å etablere arbeidsplassar i nye næringar.

Stordal kommune vart etablert i 1892. Etter planen skal kommunen frå 2020 gå saman med Norddal kommune i den nye Fjord kommune.

Eldar HøidalStiftinga Sunnmøre Museum

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.