Her er 2. Bergkompani frå den norske brigaden i Skottland på veg innover Finnmarksvidda ein maidag i 1945 for å hente falne kameratar som berre har fått ei mellombels grav.

8. mai sat dei på Banak saman med Bernt Balchen og lytta til jubelen på Karl Johan. Dei hadde rydda flyplassen så han kunne lande med flya sine. Balchen ville flyge soldatane til Oslo, men dei takka nei, fortel Per Arne Grebstad på Aure.

SIL skulle spele ein illegal kamp i Ålesund, men då båten la til kai vart heile laget arrestert. Spelarane fekk reise heim dagen etter. Likevel skapte det visse vanskar for dei i ettertid, så halve laget valde å flykte.

Etter å ha vore innom Patriotic House vart dei sende til 2. Bergkompani. Under invasjonen i Normandie 6. juni 1944 gav general Eisenhower direkte ordre om at kompaniet ikkje skulle settast inn der.

11. november -44 gjekk kompaniet over Pasvikelva som dei første norske soldatane tilbake i fedrelandet. Det vart fimbulvinter i avsvidde Finnmark, med ned mot tretti minus. Smøret måtte dei ha innpå bringa for å kunne breie det på brødet.

– Og det som løyste ut heile denne flukten deira var angiveren med kikkert på haugen, minner Per Arne Grebstad om.