Dei tenkte truleg ikkje stort over den noko merkelege signaleffekten i at to spreke brør vart sjukskrivne same fineversdagen.

Det ville seg slik at Per Kjetil Kvithaug (til venstre, fødd 1961), gjekk siste året på ungdomstrinnet, med veslebror Ole Kvithaug (til høgre, f. 1963) hakk i hæl. Sistnemnde gjekk fyrste året.

Brørne fekk med seg kvar sin låke kamerat på udåden, nemleg Bjørn Hasund (nr. tre f.v.) og Dagfinn Risnes.

På denne tida var eit slikt utror jamgodt med ein dagstur, minnest Ole.

Alt gjekk lengje såre vel. Karane la sjølvsagt turen innom Stuen-kiosken for litt chips.

Kan hende ein softis også.

Han trur Per Kjetil skulle kike på nye slengbukser, men utan å ha pengar nok til handel. På syttitalet gjorde kledebunaden djupare glefs i lommeboka enn i våre dagar, kor asiatisk barnearbeid syt for at garderobene relativt sett er grisebillege.

Tjuvpermen gjekk glatt heilt til uflaksen råka ved Ålesundet: Der stod avisa for å skildre ombygginga av bensinstasjonen...

– Men eg kan ikkje hugse at skulkinga fekk nokre konsekvensar, seier Ole med krav om å bli trudd.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.