Det må vi av og til fortelje undrande besøkande på Møbelmuseet, når dei går forbi denne kreasjonen.

Det hender jamvel at vi må demonstrere korleis ein kan sitje i han. Og det fine med denne stolen er at han inviterer til fleire måtar å sitje på. Ein kan sitje framlengs, sidelengs og baklengs. Og er ein akrobatisk nok kan ein sikkert ha hovudet ned og beina opp også.

Ekstrem-stolen vart teikna av designaren Terje Ekstrøm i 1972. Ein ny generasjon møbeldesignarar fatta interesse for omgrepet ergonomi. Folk i den vestlege verda sat så lenge i einsidige stillingar at det byrja å røyne på ryggane rundt om. Oppfinnsame og solidarisk innstilte designarar ville prøve å råde bot på dette, ved å gje folket møblar som la til rette for variasjon og rørsle. Designaren Peter Opsvik stilte på dette laget, og vart kjent for uttrykket: Den beste sitjestillinga er alltid den neste!

Men Ekstrem-stolen såg ikkje meir ut som ein stol i 1972 enn han gjer i dag, så designaren sleit lenge med å finne produsent. Den første bedrifta som tok sjansen på å prøve seg på stolen med det uvanlege uttrykket var Hjellegjerde Møbler i Sykkylven ved leiaren Perry Hjellegjerde. Det skjedde 12 år etter at stolen vart teikna, i 1984. Ein annan viktig medspelar for å få modellen realisert var skumplastbedrifta Sandella. Det var ein krevjande prosess å få laga støypeformer med dei rette vinklane og koplingane. Modellbyggjar Johan Svindseth tok med seg problema heim, funderte og teikna på kjøkkenbordet. Han gav seg ikkje før støypeforma var på plass og industriproduksjonen kunne ta til.

Etter at Hjellegjerde hadde laga Ekstrem ei tid, vart han teken over av Stokke som i 1980-åra spesialiserte seg på møblar for variasjon og rørsle. Her passa Ekstrem-stolen inn som hand i hanske. Stolen er framleis i produksjon, no hos møbelbedrifta Varier.