Spilkevigs Snørefabrik vart etablert 15. august 1894. Nokre år seinare vart verksemda utvida og omorganisert, og fekk då namnet A/S Spilkevigs Snøre -, Not- & Garnfabrik. Frå starten av vart fabrikken leia av Hans Pedersen Mittet (1861 – 1931). Han kom frå Mittet i Romsdal, og gjekk fyrst i lære hos onkelen som dreiv fargeri i Molde. Seinare drog Mittet til Bergen, og vidare til Tyskland, der han arbeidde i fleire år.

I 1880-åra vende Mittet tilbake til Norge, og slo seg ned på Brunholmen i Ålesund. Her tok han over Devolds fargeri, og kjøpte i 1891 hus og grunn av baker E. Andersen. På Brunholmen heldt også Henrik Olai Olsen til. «Patent-Olsen» var ein mangfaldig og kreativ kar. Og samarbeidet med han inspirerte den unge romsdalingen til å gå i gang med produksjon av fiskesnøre. I 1893 leverte Mittet inn patentsøknaden på ei «tougspindemaskin». Patentet vart godkjent året etter. Dermed var industrieventyret i Spjelkavik i gang. At verksemda vart lagt der, skuldast nok først og fremst samarbeidet med eigaren av Spjelkavik gard, postmeister, og seinare stortingsmann, Edv. Liljedahl. Liljedahl var den som skaut inn naudsynt kapital i bedrifta. Mittet hadde patentrettane, og starta opp med tre snøremaskiner som han hadde fått bygd hos Olsen på Brunholmen.

Dei maskinslåtte snøra frå Mittet-fabrikken klarte seg godt i tevlinga med dei som kom frå reiparbaner. Allereie i 1898 fekk fabrikken sin første pris; sølvmedalje på industriutstillinga i Bergen. Mittet arbeidde bevisst for å utvide marknaden. Og ved inngangen til 1900-talet leverte fabrikken snøre og garn til mottakarar langs store deler av kysten, frå Rogaland til Finnmark, og eksporterte til Danmark og Island.

I 1917 gjekk fabrikken over til elektrisk drift. Straumen fekk dei frå eigen kraftstasjon. Trass i aukande straumbruk, var overskotet i kraftproduksjonen likevel så pass stort at Mittet tok til å spørje seg om der ikkje fanst nye måtar å utnytte krafta på. Elektrisk turking av klippfisk, vart svaret han fann nokre få år seinare; som visstnok den første her i distriktet.

Ivar Braaten Stiftinga Sunnmøre Museum