For noen tiår siden: Spilkevigs Snørefabrik

Spilkevigs Snørefabrik: Arbeidsstokken ved fabrikken, fotografert på 1920-talet. (Frå Ragnar Øvrelid: A/S Spilkevigs Snøre Not & Garnfabrik. 1969) 

For noen tiår siden

Spilkevigs Snørefabrik vart etablert 15. august 1894. Nokre år seinare vart verksemda utvida og omorganisert, og fekk då namnet A/S Spilkevigs Snøre -, Not- & Garnfabrik. Frå starten av vart fabrikken leia av Hans Pedersen Mittet (1861 – 1931). Han kom frå Mittet i Romsdal, og gjekk fyrst i lære hos onkelen som dreiv fargeri i Molde. Seinare drog Mittet til Bergen, og vidare til Tyskland, der han arbeidde i fleire år.