I dag er den offisielle opninga av Oktoberfest i Stryn, festivalen som kallar seg sjølv Noregs beste oktoberfest. Festen starta allereie fredag, sjølv om den offisielle opninga med tilhøyrande parade er laurdag.

– Det kokar i Stryn. Det er yrande liv og nesten 17. mai-stemning i gatene, seier Kim Rune Flo, som for anledninga smykkar seg med tittelen Oktoberfestkardinal.

– Ja, i dag har vi titlar som Oktoberfestkardinal og Oktoberfestgeneral og mykje meir.

På programmet for kvelden står mellom anna fleire kulturelle innslag, kåringar av Nordfjords beste ølbryggjar, årets beste bart og årets frøken Oktoberfest. Inn i mellom alt det bayerske, med 40 cm lange pølser av hemmeleg oppskrift og eige øl brygga for anledninga, er det og eit program for borna, med gratis pølser, hestekøyring og andre aktivitetar.

Årets parade vart dessverre velsigna med regn, men det skal ikkje ha lagt nokon dempar på stemninga.

– Eg trur det kan ha vore så mykje som 300 menneske og to hestar i paraden, seier Flo.

Stryn Ping Pong Club

Oktoberfest i Stryn er arrangert av gentlemansklubben Stryn Ping Pong Club, og som så mange andre slike arrangement så byrja det med ein idé, som etter kvart har vakse seg større og større.

– Stryn Ping Pong Club er ope for alle. Om ein er heimflytta eller innflytta spelar ikkje noko rolle. Vi driv med samfunnsbygging og ønskjer å skape eit godt miljø her i bygda. Oktoberfest starta med en tanke om å sjå kva vi kunne få til. Vi sette opp nokre partytelt eit år og sidan har det bare vakse seg større, seier Flo.

Det sosiale ansvaret viste Stryn Ping Pong Club i dag med å gi musikkgruppa Merkesteinane ei gåve.

-Dei har spelt på festen i dag, og det vi fekk høyre at det var vanskeleg for dei å få det økonomiske til å gå rundt. Då bestemte vi å gje dei ei gåve på 10 000 kroner, fortel Flo.

Kveldens program

I kveld vert det etegilde med bayerske spesialitetar og musikk i Stryn.

– Ja, det vert pølser, schnitzel og meir, med tilhørande ompa-musikk. Det vert også musikk av husbandet, Oslo Blås – eit blåseorkester på 20 mann, og mange andre.

– Og er det noko program for morgondagen?

– Nei, vi stengjer dørene klokka 03.00. Programmet for morgondagen vert for slitne Ping Pongarar å rydde opp etter festen slik at alt er på stell att til måndag.