– Gjerdeløa er blitt til to. Som ein spire om våren har det gamle tømmeret fått eit nytt skot. Dei to løene utfyller kvarandre, speglar seg i kvarandre og blir som bilete på kvar si tid. Dette er ein kunstnarisk måte å redde løa på.

Det seier kunstnaren Marianne Heske som endå ein gong skaper blest om løa som har stått stødig i området ved Zakariasdammen i 350 år.

Som ein spire om våren har det gamle tømmeret fått eit nytt skot. Dei to løene utfyller kvarandre, speglar seg i kvarandre og blir som bilete på kvar si tid. Dette er ein kunstnarisk måte å redde løa på.

I slutten av oktober opnar ho utstillinga «Tour-Retour» i det nye Astrup Fearnley Museet på Tjuvholmen. Der blir installasjonen av den gamle og den nye Gjerdeløa presentert for publikum for første gong.

Kontrastar

– Dei to løene skal stå side om side. Slik får dei fram kontrastane,- det gamle mot det nye, og det mørke mot det lyse, forklarar kunstnaren, som allereie i fjor sommar starta prosjekt nye- Gjerdeløa.

Då vart løa frakta til Oslo, og arbeidet med å lage ein kvit og gjennomsynleg avstøyping i kunstharpiks byrja.– Det er aldri før blitt laga ein slik avstøyping. Riksantikvar Jørn Holme er svært interessert i prosjektet, og ser dette som ein historisk måte å ta vare på verneverdige bygningar, fortel Heske.

Vist i Paris

Det var i 1980 ho fyrste gongen brukte Gjerdeløa som kunstuttrykk. Då frakta ho tømmerstokkane i sin gamle Citroën frå Tafjord til Paris.

Der kjøpte rundt 140.000 personar billett til Pompidou-senteret for å sjå løa, som blir rekna som den første internasjonale installasjonen i norsk kunsthistorie.

Sjølv har Heske lånt eit nasjonalromantisk måleri av Adolph Tidemand som skal henge på veggen ved løeinstallasjonen.

Kulturarv

– Tømmerhytter er ein viktig del av både kunsthistoria og kulturarven vår. I mest alle måleria til Tidemann, Gude og dei andre nasjonalromantiske målarane er ei slik bygning med i motivet, fortel Heske som i «Tour-Retour»-utstillinga og byr på ein fotoserie om Gjerdeløa og den eventyrlege reisa frå Tafjord til Paris.

– I det siste har området blitt så attgrodd av skog at løa knapt har vore synleg, fortel Heske.

Ho har kjøpt den gamle Gjerdeløa, som sidan Paris-utstillinga har vore ein del av hennar åndsverk.

– Kva skjer med løa etter at den er blitt vist i Oslo?

– Det er ikkje godt å seie. Den kan ikkje settast tilbake på same plassen den har stått i Tafjord. Der kjem den til å forfalle. Eg får sjå korleis det går, seier Marianne Heske som held ulike mulegheiter opne.

Franskmannen Jean de Loisy skal opne «Tour-Retour»-utstillinga i Astrup Fearnley Museet 29. oktober. Han er direktør ved eit stort kunstmuseum i den franske hovudstaden.

Så kanskje går ferda til Gjerdeløa tilbake til Paris?