– Det er den beste tilbakemelding eg kan få, seier Løvås. Få ting varmar meir enn å kjenne at ein når inn til eit anna menneske. At musikken får ei betydning for andre enn henne.

Sjølvlaga

Siste året har Løvås merka at det har begynt å losne.

– Eg har ikkje klart å lage eigne låtar før no. Det er uvant, men veldig kjekt, fortel Løvås. Ho set pris på at ho har fått sjansen til å framføre sjølvkomponerte låtar på Sunnmørspostens Scena. Inspirasjonen til å skrive songar får ho frå folk ho møter og frå personlege erfaringar.

– Det er alltid spanande å opptre, og kanskje ekstra når det er mitt eige materiale.

Ho ønskjer å prestere, at det skal bli best muleg. Det som måtte vere av nervar, fordampar når ho byrjar å synge.

– Då forsvinn eg heilt inn i mi eiga boble.

Musikalitet

Tryggleiken har ho bygd opp gjennom mange år med musikk. Det byrja med barnekor i heimkommunen Skodje. Koret Respons har òg betydd mykje for henne, både musikalsk og sosialt. Her har ho lært å presse seg sjølv, og synge solo framfor publikum. I tillegg er ho ein av to dirigentar for ungdomskoret.

Oppvekst i ein musikkglad familie betyr også mykje for at interessa har fått næring. Som musikkelev på Fagerlia, med vokal som hovedinstrument på tredjeåret, har ho stipla ei retning. Men ho føler ikkje at kursen er staka ut. Kan hende vert det lærarutdanning. Eller psykologi. Kanskje musikkterapi, der ho kan kombinere ulike fagfelt.

Jazzglad

Det første Løvås gjer når ho står opp, er å skru på NRK Jazz og helle kaffi i koppen. Eit fast morgonrituale.

– Eg er veldig glad i jazz, fortel Løvås. Store kvinnestemmer som Billie Holliday og Ella Fitzgerald inspirerer. Av norske artistar står Susanne Sundfør høgt i kurs.

Då ho var yngre uttrykte Løvås at ho ville leve av musikken. No veit ho ikkje om ho tør å seie det høgt lenger. Å spele inn eige materiale i studio, er førebels ein draum.

At ho alltid vil halde på med musikk, er ho uansett heilt viss på.