NRK har bladd- og sunge seg gjennom heile salmeboka, minutt for minutt gjennom fleire døgn. 150-årsjubilanten Ørsta kyrkje greidde seg for sin part med 150 minuttar, gonger to. På knappe to timar gjekk eit titals rolleinnehavarar og fleire titals korsongarar elegant gjennom kyrkjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar». Urframføringa var laurdagskvelden, med biskop Ingeborg Midttømme eins ærend til Ørsta som gjest. Og ifølgje Møre-Nytt sa biskopen seg svært begeistra for det ho vart presentert.

Kappe og krage

Søndag kveld var det ny framsyning, med ei tømmerkyrkje fylt til siste plass. Dei første kom halvannan time før oppstart, og mange måtte gå skuffa heim utan å få plass.

– Vi registrerte at mange ikkje kom inn og det er leitt. På responsen i helga kunne vi heilt sikkert fylt kyrkja minst ein gong til, seier pensjonert sokneprest Matias Austrheim. Han var det naturlege førstevalet som forteljande prest, kledd opp etter den gode gamle presteskikken - der kritkvit kreppkrage over kolsvart kjole – er som prikken over i-en.

Nytt

Austrheim si eiga dotter, organisten og musikaren Marie Austreheim Riise, hadde nok ei vel så krevjande rolle som faren i denne oppsetjinga. Ho har nemleg tonesett heile 20 nye kyrkjesongar, spesialskrivne av høgskuledosent, diktar og forfattar Jan Ove Ulstein spesielt for dette jubileet. Ikkje minst var ho dirigent for heile sulamitten. Det inkluderer barnekor, Ørsta kyrkjekor, Volda Mannskor, ein messingkvartett, ein solistkvartett og organisten.

Humor

Dette er inga melding om oppsetjinga. Likevel må kunne seiast at jubileumsgjengen har levert kyrkjehistorie med stort spenn, både temamessig og musikalsk. Her er vitnemål frå byggjegjengen, her er dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Gravferd av eit dåpsbarn, til overmål, for å kjenne på den ultimate tristesse og tragedie. Til og med ein Anders Hovden i full rap-utfalding, gjort levande av Bjørn Holum. Humor manglar det ikkje på ...

Marie Austrheim Riise har skrive melodiane til kyrkjehistoria. Dottera til «gamlepresten» Matias dirigerte også heile syngjespelet i Ørsta kyrkje – med stødig hand og presisjon.
<strong>Tragedien:</strong> Også tragedien, her symbolisert med ei barnegravferd, høyrer til i ei sterk kyrkjehistorie.
Kveldens yngste solist: Stødige Eskil Stokke Rødvik.