• Se konserten med Sognnes i vinduet øverst i saka

Eirik Sognnes ler når han tenker tilbake. Mora og ei gamal liveplate av Bjørn Eidsvåg får mykje av æra for musikkinteressa til lærdølen som no er busett i Volda.

– Det var alltid musikk i heimen og ofte var det liveplata til Eidsvåg som stod på. Men den vart litt meir rocka når eg gjorde min versjon, mimrar Sognnes og siktar til den heftige Tina Turner-gestikuleringa han ofte tydde til.

Les flere kulturnyheter på smp.no

To nisjar

Sidan den tid har han byrja å lage musikk sjølv. Musikk han vil karakterisere som snill pop/rock på nynorsk, eller eigentleg dialekt.

Det er no fjerde året Sognnes bur i Volda. Først tok han ein bachelor i musikk, no er det PPU som står på studieplanen.

– Eg er så privilegert at eg har funne to nisjar her i livet som eg blir glad av å drive med, og det er musikk og å vere lærar.

– Rockestjernedraumen levde eg lenge med, men no som eg har blitt litt eldre har eg verkeleg fått auga opp for at barn og unge skal ha ein arena der dei kan oppleve meistring og bruke seg sjølv på ein positiv måte, fortel Sognnes.

I fjor sommar arrangerte han bandskule for over 20 barn og ungdommar, håper er å kunne gjere det same i år.

Ny singel

På Scena fredag syng Sognnes tre songar han har laga sjølv. Først ut er «Fredag», ein hyllest til vekas beste dag.

– Dette er debutsingelen min som kom ut i fjor sommar og som også vart spelt litt på nasjonal radio, forklarar Sognnes.

Det vart også laga musikkvideo til låten, med lokale krefter både framføre og bak kamera.

Låt nummer to meiner artisten skal få snakke for seg sjølv, og har fått tittelen «Kom inn».

Minikonserten blir avslutta med låten som no tek form i Frontrow Studio i Ålesund, og som blir gitt ut i juni.

– «Lun sommarvind» bruker eg å beskrive som slik lun sommarvarme som vi av og til er så heldige å oppleve. Den som stryk deg over kinne og gjer at du kjenner at du lever.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

<strong>:</strong>