Den britiske allmennkringkastaren har oppmoda lesarar frå heile verda om å sende inn sine naturbilde under emneknaggen #EarthCapture.

Mellom 16 motiv som er trekt fram i ein artikkel publisert på heimesidene under tittelen «The Extreme Landscapes of Norway», finn vi den nyaste av skodjebruene.

Journalisten skriv i rosande ordelag om den norske naturen og meiner det  skiftande landskapet er ein draum for ein fotograf.

Her kan du sjå fleire naturbilde frå BBC sine lesarar (ekstern lenke)

Bilde frå Skodje er teke av Sven-Erik Knoff frå Oslo, som har satsa på ein profesjonell karriere som fotograf.

Midt-Norge er sterkt representert i utvalet frå dei seks fotografane, men her er også motiv frå Svalbard, Lysefjorden og Dovrefjell.