Magne og Hugo klare med ”Camera”

Magne Furuholmen er tilbake i Studio Hugo Opdal på Flø. Det er venta stor publikumstilstrøyming til nemnde galleri når verdsstjerna og multikunstnaren søndag vil vere til stades under opninga av utstillinga ”Camera”.
Kultur

– Dette er nesten uverkeleg, smiler Hugo Opdal. Tidlegare denne veka tok fløbuaren, fotografen og galleristen turen til Oslo for å plukke ut oljemåleri i Furuholmen sin ”Camera”-serie. Nokre av desse har blitt vist ved Galleri Trafo i Asker, men dei fleste arbeida som no blir stilt ut i galleriet til Opdal er heilt ferske. Halvtanna år etter ”Anticlimax”, der Furuholmen gjennom snøskulpturar i kuldeisolerte rom sette fokus på mennesket og miljøet – og konsekvensen av manglande omsorg og handlekraft – rettar verdsidolet blikket mot døden og det forgjengelege. – Det har snike seg inn ein fiolett farge denne gongen. Det har samanheng med temaet for denne bildeserien. Fargesymbolikken er såleis henta frå katolisismen, forklarer Furuholmen i det han og gallerist Opdal gjer siste finish på utstillinga på Flø. Publikum får sjå seks oljemåleri i storleiken 80 x 80 cm og to i 200 x 120 cm. Alle arbeida er til sals; prisintervallet er frå 40.000 til 110.000 kroner. ­ –Dette blir eit gyllent høve til å møte ein stor kunstnar og ei verdsstjerne, så velkomen til gards, kjem det gjestfritt frå Hugo Opdal.