Olina opplevde nemleg flodbølga som oppstod etter at fjellmassivet Langhammaren raste ut i Tafjorden natt til 7. april 1934 – dagen etter at familien hadde feira 20-årsdagen hennar.

Ho vakna denne natta av ei kraftig buldring. Saman med foreldra, ei tenestejente og to skuleelevar som budde hos dei, sprang ho oppover bakkane med bølga i hælane.

– Vi såg bølga knuse heimen vår. Huset vart sopt på sjøen, og kom bort i djupet, som gjennom ein spiral, har den no 101 år gamle kvinna tidlegare fortalt til Sunnmørsposten.

Tidsvitne

I dag er ho eitt av få attlevande tidsvitne etter katastrofen i Tafjorden, ei bølge som raserte store område og tok livet av 40 menneske i bygdene Fjørå og Tafjord.

– Vi stod der som lamslåtte. Ingenting kunne vi gjere, minnest Olina, som i dag bur på den kommunale omsorgs- og pleieheimen BUAS i Sykkylven.

Olina Bjørlykke var altså 20 år då flodbølga kom, og som ved eit under kom ho og hennar næraste familie seg unna med livet i behald. Men Olina kjende mange av dei som omkom.

Meldinga om katastrofebølga vekte oppsikt i både inn- og utland. Journalistar og fotografar strøymde til, mellom anna frå Aftenposten i Oslo. Dei var moderne og hadde utstyrt seg med fly.

– Et fryktelig syn, kunne Aftenposten sin utsende fortelje lesarane sine etter flyturen.

Hus og båtar var smadra, det låg døde dyr over alt. Ein bauta var knekt i to, det låg klede og sko strødd rundt om kring. Dei som fortvilt leita i ruinane fann mellom anna salmebøker, kister og bilete. Andre gjekk berre apatiske rundt og visste knapt kva som hadde hendt.

Lokalhistorikar Astor Furseth fortel i boka «Dommedagsfjellet» at raset fann stad klokka 03.08. Tre millionar kubikkmeter med stein ramla i fjorden fordi Langhammaren også sopte med seg Heggura på veg ned.

160 km/t

Steinmassane skapte ein tsunami, ei flodbølge, som i 160 kilometer i timen breidde seg innetter og utetter fjorden.

I Fjørå var bølga 13–14 meter høg, og utsletta heile Haugbukta. Alle dei 17 menneska som budde her døydde. I bygda Tafjord varierte bølgehøgdene mellom åtte og 17 meter, og i denne bygda mista 23 menneske livet. Olina Bjørlykke og familien miste alt dei eigde i Tafjord-ulykka.

Etter dette dreiv Olina Fjørå Landhandel i 10 år.

Då ho møtte Peter Bjørlykke, stengde ho butikken, gifte seg med han og flytta til Sykkylven. Dei fekk tre born: Reidar Inge, som døydde som spedbarn, Liv Randi og Målfrid.

Peter arbeidde på Haddal sin møbelfabrikk i Grebstaddalen. Etter 10 år flytta familien til Ikornnes, der Peter var vaktmeister og Olina vaska kontor og var husmor.

Fabrikken vaks, og etter 10 år fann Peter nye utfordringar i Ulsteinvik som vaktmeister på Sunnmøre Folkehøgskule. Her arbeidde Olina på kjøkkenet.

Etter fylte 67 år flytte Olina og Peter tilbake til huset i Sykkylven. Her døydde Peter i 1989.

Som pensjonist har Olina reist lange turar. Ho har vore i Jerusalem i sør og sett Kirkenes i nord. Ho har alltid vore optimistisk, tolmodig og samfunnsengasjert. Alle dagar må ho ha med seg avisene og Dagsrevyen.Av andre interesser kan nemnast misjon, Israel, bunadsaum, handarbeid, potteplanter, lefsebaking, matlaging og norsk kultur.